Alle planlagte lokaler/kontorer/skoler/sykehus/hotell etc. i Kvinnherad

Etablering av næringsareal i Kvinnherad kommune
Føremålet med planarbeidet er å sikra eit stort, sentralt, næringsareal til næringsaktørar med høge ambisjonar for grøn omstilling. Planområdet er på 302 daa der aktuelt utvidingsområde er ca. 140 daa.
Utvikling av Steinparken i Kvinnherad
Tiltakshavar ønsker å vidareutvikla Steinparken ved å etablere fleire nye tiltak, og samstundes regulere inn dei eksisterande tiltaka i planen i ein ny detaljreguleringsplan. Rosendalstiftinga manglar i dag rom til arkivmateriale og utstyr, og tiltakshavar ønsker difor å etablere eit bygg på kring 100 m2 til dette føremålet. Tiltakshavar ønsker å etablere inntil tre tretopphytter, samt eit mindre bygg på bakkeplan som er tenkt plassert der det tidlegare stod eit kvernhus. Desse er tenkt å nyttast til bruk og utleige for fritids- og turistføremål, stjernetitting og fugleobservasjonar og med moglegheiter for overnatting. Bygget ved kvernhusmuren er tenkt som aktivitetsrom når veret krev inneaktivitetar, eventuelt for kortare utleige. Etablering av basseng. Med mere.
Tilrettelegging for turist- og friluftsområde i Kvinnherad
Føremålet med planarbeidet er å lage ein plan for turisme og reiseliv i Sundal, primært knytt til utfarten mot Bondhus og destinasjonane Bondhusvatnet, brefallet og Folgefonna. Planen omfattar parkeringsstrategi, haldeplass/venteplass for turistbussar, servicebygg og andre fasilitetar for turisme, samt integrering av Isvegen som alternativ tilkomst til Bondhus. Målet med planarbeidet er å legge tilhøva godt til rette for et naturbasert reiseliv, og på ein måte som gir meirverdi til lokalsamfunnet, både i form av verdiskapning, men ikkje minst også i form av fasilitetar og tilrettelegging som kjem lokalsamfunnet til gode, eksempelvis i form av nye nær-turvegar, auka tilbod og generell tilrettelegging for eit enkel rekreasjon og friluftsliv.

Gratistilbud
til bedrifter!

Vil du vite mer om disse prosjektene? Vi gir deg et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og den mest omfattende overvåkning av prosjektmarkedet.