Planlagt nybygg av boliger i Voss
Etablering av aktivitetshus for helse og omsorg i Voss
Helse og omsorg har behov for eit «hus» som inneheld fleire tenester. Å samla tenester vil kunna gje gode vinstar for brukarane og vera kostnadseffektivt. Forslag til aktivitetar og tenester er til dømes omsorgsbustadar, ergoterapi, fysioterapi, dagtilbod, arbeidstilbod, friskliv, visningsrom for velferdsteknologi. Tanken er eit bygg som kan ha fleirbruk «heile døgnet» for mange grupper. I fyrste omgang vert det løyvd midlar til mogelegheitsstudie, som opprinneleg var finansiert med midlar på fond frå kommunesamanslåing.
Etablering av sentrumsnære boliger i Voss
Det er behov for attraktive bustader i sentrum. Desse kan bidra til innflytting og rekruttering til kritiske samfunnstenester. Samstundes vil dette gje større variasjon i bustadmarknaden på Voss, og gjera det lettare for unge å komme inn på bustadmarknaden. Temaplanen Voss i vekst påpeikar behov for å jobbe aktivt med rekruttering. Det er ei utfordring med dyre og einsarta bustadar på Voss. Klimaplanen peiker og på behov for bustader tett på sentrum, då transport er ei stor utsleppskjelde i Voss herad. Prosjektet er ikkje starta opp, og det er foreslått løyving av midlar til forprosjekt i 2026.
Vil du vite mer om disse prosjektene? Kontakt oss i dag!
Vi gir det et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og har den mest omfattende overvåkningen av prosjektmarkedet.