Alle planlagte boligprosjekter i Askvoll
Nybygg av boliger i Askvoll
Formål med planarbeidet er tilrettelegging for kring 9 nye bustadtomter innanfor del av gbnr. 56/6 fordelt på to områdar. Nye tomtar er fortetting av etablert busetnad, og ein ser føre seg at ein kan nyttiggjere seg av etablert vegtilkomst og infrastruktur i områda.
Nybygg av eneboliger i Askvoll
Del av 213/4. Føremålet med planen er å regulere eigedommen til bustadtomter med tilhøyrande infrastruktur. Planforslaget vil legge til rette for utbygging av seks bustadtomter i Kleppeneset i Askvoll kommune.
Nybygg av eneboliger i Askvoll
Tomt nr 1-10-20-21. Tomt 1 (205/100) har eit areal på 704 m2. Den ligg inneklemt med veg på 3 sider og har ikkje særleg utsyn.
Tomt 4 (205/98) har eit areal på 786 m2. Den skal ifølgje reguleringsplanen ha felles tilkomst med naboeigedomane frå norvest. Den har god utsikt og relativt lett å opparbeide. Tomt 10 er 740 m2 og ligg svært eksponert til ved kryss mellom fylkesveg og kommunal veg og er dermed lite attraktiv. Bygging her vil trenge dispesasjon frå byggegrensa mot fylkesvegen på 50 m. Tomt 21 (205/101): er 1001 m2. Den ligg ein del lågare enn tilkomstvegen, og er såleis vanskeleg å utnytte. Bygging her vil trenge dispesasjon frå byggegrensa mot fylkesvegen på 50 m. Tomt 20 ligg også noko lågare enn tilkomstvegen den har form som ein trekant med areal 635 m2. Bygging her vil trenge dispesasjon frå byggegrensa mot fylkesvegen på 50 m.
Nybygg av eneboliger i Askvoll
4 ledige tomter. Tomt nr 41-42-43-44. Tomtene har ein storleik på over 1100 m2. Det er bygt veg og lagt fram vatn- og avløp og gatelys til tomtene. Området er i dag ganske tilvakse. Tomtene ligg noko høgare enn vegen noko som gjer tomtene vanskeleg å utnytte og vil medføre ein del fjellsprenging. Dei har ikkje særleg utsyn. Desse bør omregulerast.
Utvendig oppgradering og ombygging til flere hybler på internat i Askvoll
Skifte av takbelegg, etterisolere, kle opp att veggane, skifte vindauge og dører vil koste 1,7 mill. kr. Deler av internatet er tidlegare ombygd til hyblar, det er no behov for fleire hyblar til lærlingar og tilsette. Ombygging til 4 hyblar og ei lita leilighet er kostnadsrekna til 1,3 mill. kr.
Ombygg av utleiebolig i Askvoll
Bakketun er ein vertikaldelt 2-mannsbustad med to etasjar som kommunen nyttar til utleigebustad. Den inneheld to stk 4-roms husvære. Bygget er bygt i 1970 og treng ei oppgradering. Det er berre isolert med 10 cm mineralull. Det bør lektast ut og etterisolerast, skiftast kledning frå ståande til liggande. Det bør også etterisolerast på loftet. Vindauga må også skiftast. Vi ynskjer også at det vert sett opp rekkverk på carporten mot vest og sett inn ei balkongdør (evt med eit mindre takoverbygg) istaden for vindauget slik at det vert ein uteplass med kveldssol. Dette er allereie gjort i husværet mot aust. Det er også på tide å skifte taktekkinga
Gratistilbud
til bedrifter!
Vil du vite mer om disse prosjektene? Vi gir deg et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og den mest omfattende overvåkning av prosjektmarkedet.