Planlagt nybygg av anlegg i Alver
Ny vannledning fra eksisterande anlegg i Alver kommmune og Radøy kommune
Ny vassleidning frå eksisterande anlegg i Alver til Radøy. Radøy har i dag einsidig vassforsyning. Det inneber at området er svært sårbart for bortfall i vassforsyninga. Eksisterane vassverk har i tillegg ein for liten produksjonskapasitet. Det er difor både trong og forskriftskrav om betring av forsyningstryggleiken i forsyningsområdet. Framdrifta er skyve i høve til vedteken temaplan for vatn og avløp.
Sikring av kommunal vannforsyning fra Vetås til Storheim
Sikre kommunal vassforsyning frå Vetås til Storheim. Prosjektet går gjennom krevande landskap, mange eigedommar ogfleire kulturminner. Vatn- og avlaup vert planlagt i same trase. Sanering av avløp mellom Vetås – Storheim på Radøy. Etablering felles med bygging av ny vassleidning. Det er vurdert at det er mogleg å legge ein hovudavløpsleidning på sjølvfall utan trong for pumpestasjon langs traseen.
Ny ringledning Storheim Solheim.
Ny sjøledning fra Bøvågen til Marøy
Vassleidningar i sjø, nytt tilførsels- og utsleppsarrangement for Bøvågen reinseanlegg. Dagens vassleidningar til Marøy har liten kapasitet, samstundes som dei har ein historikk med mange leidningsbrot som tilseier at dei bør skiftast ut.
Nybygg av avløpsledning og pumpestasjon i Alverstraumen
Prosjektet gjeld samling av avløpet frå Hilland, Ikenberg og Isdalstø til Knarvik reinseanlegg. Hilland, Ikenberg og Isdalstø er ein del av tettstaden Knarvik som kjem innunder kapittel 14 i forureiningsforskrifta, og det er dermed krav om sekundærreinsing. Avløpet frå området må derfor overførast sørover mot Knarvik.
Etablering av høydebasseng i Alverstraumen
Etablering av Alverstraumen høgdebasseng. Dette skal sikre vassforsyninga til Øvre Hilland og komande utbyggingsområde i tillegg til sikring av vassforsyninga mot Radøy.
Etablering og sanering av Va-anlegg ved nye Alversund bru i Alver kommune
Sanere VA-anlegg som kjem i konflikt med det nye veganlegget ved nye Alversund bru. Legge nytt VA-anlegg for å sanere vekk hovudvassleidning som går under Alversund skule. Tilretteleggje for ny bruk av eigedom. Fylkeskommunen skal bygge ny Alversund bru og det må gjerast tiltak på VA-anlegget samtidig. Tradisjonelt VA-anlegg.
Nybygg av vannledning i Frekhaug
Prosjektet heng saman med og er ei fortsetting av VA-anlegg Myrvollane – Moldekleiv - Fosse, og del av nytt leidningsnett for å sikre vassforsyninga sentralt på Frekhaug.
Vil du vite mer om disse prosjektene? Kontakt oss i dag!
Vi gir det et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og har den mest omfattende overvåkningen av prosjektmarkedet.