Alle planlagte anleggsprosjekter i Vestnes
Oppgradering av E39 Vestnes ferjekai og landområde i Vestnes kommune
Etablering av ferjekaibås nummer to på Vestnes ferjekai, som tiltak for å auke beredskapen og sikre kontinuitet på ferjesambandet E39 Vestnes-Molde ved ein eventuell driftsstans. Landområdet skal oppgraderast tilpassa nye løysingar og funksjonar, og tilbodet for mjuke trafikantar skal gjerast meir trafikksikkert, m.a. med etablering av gang- og sykkelveg og ein undergang som skal knytast mot den kommunale vegen Buktavegen.
Nybygg av vegbru på Talberg i Vestnes
Vegbrua på Talberg er ei gamal bru, som er oppbygd av stålbjelkar og tredekke som har noko usikker kvalitet. I 2021 blei det utført spesialkontroll og klassifisering. Konklusjonen blei at den fortsett toler Bk10/60 t, men at det bør gjerast noko med korrosjonen på stålkonstruksjonen.
Aktuelle tiltak på kort sikt er å sprøyte synlege stålkonstruksjonar med rusthemmande olje. Men fortsett korrodering vil medføre redusert bereevne, så det bør leggast til rette for utskifting innafor økonomiplanperioden. Teknisk kan det vere aktuelt å erstatte brua med rør/kulvert (diameter 2,8 meter), i staden for å bygge opp ei ny tradisjonell bru.
Tiltaket er lagt inn i 2026 og har ei estimert kostnadsramme på 2 mill. kroner.
Etablering av minnelund i Vestnes
Vestnes kyrkjeleg fellesråd har kome med søknad om ønska investeringsmidlar for å kunne etablere ei namna minnelund for urnegraver på Vestnes kyrkjegard.
Vil du vite mer om disse prosjektene? Kontakt oss i dag!
Vi gir det et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og har den mest omfattende overvåkningen av prosjektmarkedet.