Alle planlagte byggeprosjekter i Voss
Rehabilitering av kino i Voss
Renovering av Gamlekinoen skal gjerast som eit kulturminneprosjekt slik at ein tek vare på den opphavelege 50-tals uttrykket i bygget. Moglegheitsstudien av Gamlekinoen er levert og er grunnlaget for investeringsplan. Den totale kostnadsramma er berekna til kr. 60 millionar (inkl. mva). Dette inkluderer mellom anna ombygging av Tinghus 2 til backstage og nytt ventilasjonsanlegg. Det vil bli søkt både regionale og statlege kulturhusmidlar til prosjektet.
Etablering av aktivitetshus for helse og omsorg i Voss
Helse og omsorg har behov for eit «hus» som inneheld fleire tenester. Å samla tenester vil kunna gje gode vinstar for brukarane og vera kostnadseffektivt. Forslag til aktivitetar og tenester er til dømes omsorgsbustadar, ergoterapi, fysioterapi, dagtilbod, arbeidstilbod, friskliv, visningsrom for velferdsteknologi. Tanken er eit bygg som kan ha fleirbruk «heile døgnet» for mange grupper. I fyrste omgang vert det løyvd midlar til mogelegheitsstudie, som opprinneleg var finansiert med midlar på fond frå kommunesamanslåing.
Etablering av sentrumsnære boliger i Voss
Det er behov for attraktive bustader i sentrum. Desse kan bidra til innflytting og rekruttering til kritiske samfunnstenester. Samstundes vil dette gje større variasjon i bustadmarknaden på Voss, og gjera det lettare for unge å komme inn på bustadmarknaden. Temaplanen Voss i vekst påpeikar behov for å jobbe aktivt med rekruttering. Det er ei utfordring med dyre og einsarta bustadar på Voss. Klimaplanen peiker og på behov for bustader tett på sentrum, då transport er ei stor utsleppskjelde i Voss herad. Prosjektet er ikkje starta opp, og det er foreslått løyving av midlar til forprosjekt i 2026.
Oppgradering av kulturhus i Voss
Samla sett gjer dette at me må ha ein samla analyse av status og behov knytt både til teknisk tilstand og ombyggingar som fylgje av bruksendringar. Det vert lagt inn midlar til ei slik analyse. Tilstands- og behovsanalysen av vil kartleggja investeringsbehova i Kulturhuset. Tiltaka vil bli vurdert etter det.
Oppgradering av idrettstorg i Voss
Oppgradering av Idrettstorget. Nytt idrettshus stiller krav til at området mellom dette og Vossabadet og Idrettshallen får ei god heilskapleg utforming tilrettelagt for universell utforming, ulike brukarar og behov. Planar for nytt idrettstorg ligg inne i vedteken plan for Sentralidrettsanlegget. Målsetjing å utbetre og få på plass eit idrettstorg. Skape ein god og attraktiv møteplass.
Oppgradering av bolig i Voss
Bustad Vetleflaten 2F oppgradering bør samordnast med gjennomføring av 1.etasje. Omfattar mellom anna utskifting av vindauger/fasadar.
Vil du vite mer om disse prosjektene? Kontakt oss i dag!
Vi gir det et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og har den mest omfattende overvåkningen av prosjektmarkedet.