Aktuelle ROT-prosjekter, Rehabilitering, Ombyggning, Tilbygg i Stord

Etablering av parkeringsanlegg over kollektivterminal og nybygg av kontor i Stord kommune
Planområdet er på 15,8 daa og omfattar hovudsakleg eigedomane 38/285 (Bandadalsparken), 27/354 der det i dag er eit forretningsbygg, 27/444 og 27/537 ved SKE bygget, og 27/720 (del av Fv544/Sæ). Føremålet med planforslaget er å leggja til rette for kollektivterminal og etablering av miljøgate gjennom Leirvik sentrum inkludert rundkøyring rett nord for dagens kryss til Lønningsåsen. Over kollektivterminalen kan det etablerast tre etasjar som inneheld parkering, kontor og/eller tenesteyting. På taket kan det etablerast ein park på heile eller deler av arealet. Maksimal byggjehøgde er kote +28, som er rekna i frå eit ferdig utvendig dekke på kote +8. Tilkomst til parkerings­dekke er planlagd i frå Band­a­dalen. Det vert òg ut­greidd mogelegheita for ev. ny løysing for kyss- og køyr, og ny rundkøyring i krysset fv. 544 og Lønn­ings­åsen. Ev solceller.
Utvidelse av parkeringsdekke og butikkslokaler på Osen-kvartalet i Stord, fase 1
Påbygg av kontor -og butikklokale i 1 etasje på parkeringsdekke. Nytt inngangsparti mot Bytunet og påbygg av 500-600 m2 med butikker i 2 etasjer. 2000 m2 kontor og butikker. 15 plasser i parkeringsdekket.
Om- og nybygg av hovedannledning på Stord
Per i dag er det ein utrangert røyrbrotsventil på hovudvassleidninga mellom Vaulane dam og Lundsseter kraftstasjon. Ved brot på hovudvassleidninga på dette strekket, har ein i dag ikkje høve til å stengja av leidninga. Ny røyrbrotsventil skal monterast i ny kumme nedanfor Vaulane dam. Prosjektet legg også ned ny hovudvassleidning frå Vaulane til kraftstasjonen.
Separering av spillvannledning, utskifting av vannledning og nybygg av pumpestasjon på Stord
Separering av spillvassledning og utskifting av vassleidning i Åsringen, i Trudvangssmoget og i Borggata ned til Nesjaberget og Spelemannsneset. I tillegg vert det etablert ny avløpspumpestasjon på7 ved Spelemannsneset, som skal pumpa til ny Frugarden avløpspumpestasjon. I dag er det direkte utslepp for avløpet på Spelemannsneset.
Rehabilitering av spillvannsledning og utskifting vannledning på Stord
Rehabilitering av spillvassleidning og utskifting av vassleidning i Rindane, Sagvåg. Svært dårleg kvalitet på avløpsnettet, både motfall og brot i røyrane. Prosjektet har samanheng med Nysætervegen VA-prosjektet. Ein vurderer også eventuelle løysingar kring trafikksikring i Utslettevegen.
Utskifting av VA-anlegg på Stord
Utskifting av VA-anlegg frå Luren via Stølen mot Håklubben på Bjelland. Etablering av ny avløpspumpestasjon ved Håklubben. Prosjektet har samanheng med Båtstøo VA-prosjektet.
Rehabilitering av VA på Stord
Rehabilitering av store deler av Holevegen-området. Vil medføra at overvatn vert separert vekk frå spillvatnet. Overvassnettet i området vert oppdimensjonert.
Rehabilitering av over-, spill- og drikkevannsledninger på Skotaberg, Stord
Rehabilitering av overvass-, spillvass- og drikkevassleidningar i Flathaugane på Skotaberg, som del av totalrehabiliteringa av VA-anlegg i området.
Nye UV-aggregat i vannverk på Stord
Vassverket har tre UV - aggregat som er med å sikra at innbyggarane i Stord kommune får godt drikkevatn. Aggregata er no 20 år gamle, og det er store driftskostnadar med å halde dei i gang. Derfor er det lagt inn i budsjettet for 2024 tre nye aggregat.
Rehabilitering og utskifting av VA-ledningsnett på Stord
Rehabilitering og utskifting av VA-leidningsnett i Sponavikvegen, Sponavikdalen, Sponavikdalen sør (Gullskarvegen*), Sanddalen (gangsti), Skotabergvegen og i Skotlio. Ny avløpspumpestasjon i Eriksvikjo, som skal pumpa til Djupavik RA. Det vert også utført trafikksikringstiltak i området.
Rehabilitering av ledningsnett, ny hoved- og spillvannsledning på Stord
Dette er eit samarbeidsprosjekt med privat utbyggjar av næringsområdet sør på Vabakkjen, og finansiert ved reduksjon av samarbeidspotten. Rehabilitering av eksisterande leidningsnett, samt ny hovudvassleidning og spillvassleidning mot Høyland. Dette løyser ut at abonnentar med private avløpsanlegg langs Høylandsvegen får krav om tilkopling til offentleg avløp.
Rehabilitering av vannledning på Stord
Rehabilitering av eksisterande vassleidning for å betra kapasiteten og redusera lekkasjar. Frå Lundsåsen trykkutjamningsbasseng og ned til koplingspunkt ved E39 på Lunde.
Riving av dam i Stord kommune
Det er lagt inn midlar i 2024 til riving av dammen i Lønningsåsen.
Utbedring av trykkbasseng samt etablering av energiproduksjon på Stord
Utbetring av Lundsåsen trykkbasseng, samt etablering av energiproduksjon (mikrokraft).

Gratistilbud
til bedrifter!

Vil du vite mer om disse prosjektene? Vi gir deg et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og den mest omfattende overvåkning av prosjektmarkedet.