Alle aktuelle lokaler/kontor/skoler/sykehus/hotell etc. i Stad
Nybygg av næring, boliger og campus i Nordfjordeid
Planarbeidet femnar om eigedomane gnr. 43, bnr. 55, 115, 144 samt del av gnr. 43, bnr. 37, 84, 93 og 411 i Stad kommune. Formålet med planarbeidet er å legge til rette for vidareutvikling av næringsareala til Normatic, til føremåla tenesteyting og sentrumsbustadar med tilhøyrande uteareal og privat parkering. Planarbeidet skal legge rammer for utviding av bruksarealet til Normatic med ca. 1.400 m2 , campus
på ca. 3.300 m2 og ca. 4.100 m2 til bustad med mellom 50 til 60 einingar. Samla vil planen opne for eit nytt bruksareal på inntil 11.000 m2.
Etablering av restaurant, overnatting mm på fjellet Kjerringa, Vestkapp-platået i Stadlandet
Formålet med planarbeidet er å legge til rette for etablering av ny restaurant og overnatting på Vestkapp-platået, i tillegg til formål som til dømes besøkssenter og toalett open for «alle». Tilkomst skal framleis vere via eksisterande kommunalveg Vestkappvegen, i tillegg til at det er ynskje om å etablere ein parkeringsplass i tilknyting til fylkesveg 5750 Årvikvegen for buss og personbilar. Dette for å redusere behovet for parkeringsplassar og køyrande opp på/til platået. Det planlagde bygget skal erstatte eksisterande bygg, og det gamle bygget skal rivast.
Utskifting av varmepumpe i idrettsbygg i Stad kommune
Skifte ut dagens væske-vatn varmepumpe med ei ny væske-vatn varmepumpe. Varmevekslar, sirkulasjonspumper og akkumulatortank skal også fornyast. Eksisterande oljekjel i varmefordelingsrommet og utvendig oljetank skal sanerast.
Vil du vite mer om disse prosjektene? Kontakt oss i dag!
Vi gir det et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og har den mest omfattende overvåkningen av prosjektmarkedet.