Aktuelle ROT-prosjekter, Rehabilitering, Ombyggning, Tilbygg på anlegg i Stord

Etablering av parkeringsanlegg over kollektivterminal og nybygg av kontor i Stord kommune
Planområdet er på 15,8 daa og omfattar hovudsakleg eigedomane 38/285 (Bandadalsparken), 27/354 der det i dag er eit forretningsbygg, 27/444 og 27/537 ved SKE bygget, og 27/720 (del av Fv544/Sæ). Føremålet med planforslaget er å leggja til rette for kollektivterminal og etablering av miljøgate gjennom Leirvik sentrum inkludert rundkøyring rett nord for dagens kryss til Lønningsåsen. Over kollektivterminalen kan det etablerast tre etasjar som inneheld parkering, kontor og/eller tenesteyting. På taket kan det etablerast ein park på heile eller deler av arealet. Maksimal byggjehøgde er kote +28, som er rekna i frå eit ferdig utvendig dekke på kote +8. Tilkomst til parkerings­dekke er planlagd i frå Band­a­dalen. Det vert òg ut­greidd mogelegheita for ev. ny løysing for kyss- og køyr, og ny rundkøyring i krysset fv. 544 og Lønn­ings­åsen. Ev solceller.
Rehabilitering av ledningsnett på Stord
Rehabilitering av eksisterande ledningsnett i Sætravikjo . Borehol for spillvatn frå Neshadlene avløpspumpestasjon til ny Sætravikjo avløpspumpestasjon. Avløpsvatn frå Sætravikjo pumpast via sjøleidning til ny Grunnavågen avløpsreinseanlegg.
Utskifting av deler av ledningsnett og etablering av avløpspumpestasjon på Stord
Dagens direkte utslepp av avløpsvatn i Hystadvikjo er pålagt sanert. Dette medfører at deler av leidningsnettet ved Valevegen må skiftast ut. Det skal også etablerast ny avløpspumpestasjon (eiga prosjekt) som skal pumpe spillvatnet til Djupavikjo avløpsreinseanlegg.
Utskifting av VA-anlegg på Stord
Utskifting av VA-anlegg frå Luren via Stølen mot Håklubben på Bjelland. Etablering av ny avløpspumpestasjon ved Håklubben. Prosjektet har samanheng med Båtstøo VA-prosjektet.
Ny og ombygg av fortau i Stord
Det er i dag manglande eller dårleg fortausløysing langs heile Utslettevegen. For å få på plass nytt og betre fortau, lyt trasè regulerast. Reguleringsarbeidet starta i 2024. Tiltaket ligg inne i ny revidert trafikksikringsplan.
Mindre vegvedlikeholdstiltak på fylkesveger i Sunnhordland 2024-2025
Gjelder i Stord, Bømlo, Fitjar og Sveio kommune.
Ombygg av bru i Stord
Eksisterande bru (rett nedanfor “Fjellstova”) er smal, har redusert bereevne samt at det er for liten opning til elva under brua. Tiltaket krev justering av veglina både vertikalt og horisontalt.

Gratistilbud
til bedrifter!

Vil du vite mer om disse prosjektene? Vi gir deg et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og den mest omfattende overvåkning av prosjektmarkedet.