Byggfakta-logo med 'Powered by Hubexo'. Byggfakta skaper konkurransefordeler og verdi for alle aktører i bygg- og anleggsbransjen

Aktuelle nybygg av anlegg i Stord

Oppgradering av reservenannforsyning på Stord
I Kommunedelplan for Vassforsyning er det vedteke at Stord kommune skal etablera ny reservevassforsyning i Vatnadalen, med Ravatnet som reservevasskjelde. Det skal leggjast ned 4 km med ny hovud-/reservevassleidning frå Ravatnet til eksisterande leidningsnett nede i Vatnadalen. Vidare skal det byggjast ny vasshandsamingsstasjon og høgdebasseng for 6000 m³ vatn på Lodda (om lag 1,5 km nedanfor Ravatnet). Delar av den nye vassleidninga skal leggjast i ny vegtrasé ned til Økland ("Gerdastien"). Heile veganlegget og tomta på Lodda er under regulering (inkludert forprosjekt). I tillegg skal parkeringsplassen på Økland/ Vatna utvidast. Mattilsynet har godkjent at prosjektet skal vera klart til 2030. set krav til at arbeidet skal vera utført innan utgongen av 2023, men det vert søkt om utvida løyve til utgongen av 2026. Gnr/bnr 29/22 mfl. 1. Reservevassforsyning: a. Ny inntaksleidning i Ravatnet. b. Ny vassleidning frå Ravatnet fram til nytt vasshandsamingsanlegg på Lodda. c. Nytt vasshandsamingsanlegg på Lodda. 2. Oppgradering hovudvassforsyning: a. Nytt høgdebasseng på Lodda, med avsett plass for framtidig utviding. b. Ny tilførselsleidning til høgdebassenget på Lodda frå eksisterande hovudforsyningsnett som i dag er lagt fram til Vatnadalsvegen frå Presthaug. c. Ny forsyningsleidning frå høgdebassenget på Lodda fram til eksisterande hovudforsyning ved Ådlandsvatnet.
Etablering av nytt avløpsrenseanlegg i Sævarhagen, Stord
I Kommunedelplanen for Avløp er det vedteke at det skal etablerast eit nytt avløpsreinseanlegg i Sævarhagen, for reinsing av avløpsvatn for området Rommetveit/ Haga. Anlegget skal byggjast som slamavskiljaranlegg tilsvarande Skjersholmane avløpsreinseanlegg. Planlagt ferdigstilling i løpet av 2026.

Vil du vite mer om disse prosjektene? Kontakt oss i dag!

Vi gir det et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og har den mest omfattende overvåkningen av prosjektmarkedet.