Alle planlagte ROT-prosjekter, Rehabilitering, Ombyggning, Tilbygg i Alver
Ombygg av barnehage i Manger
Prestmarka barnehage skal samlokaliserast i Solhall-bygget. Det er behov for å etablere ein ny avdeling i bygget, og det krev full rehabilitering av eksisterande areal som i dag står tomt. I tillegg er det behov for justeringar av dagens barnehageareal, mellom anna manglar dei felles kjøkken og det er behov for nytt ventilasjonsanlegg i bygget.
Ombygg av rådhus i Alver kommune
Flytting av innbyggjarservice og sikring av rådhuset krev ombygging i 1. etasje. I tillegg skal 3. etasje byggast om og oppgraderast til formannskapsmøter og andre møtelokale.
Ombygg av bibliotek på Frekhaug
Gjeld tilrettelegging og innreiing av Alver bibliotek Frekhaug på gateplan på kommunehuset. I summen inngår både byggekostnader og møblar/inventar.
Tilrettelegging for mottaksskole på Bøvågen
I kommunedirektøren si innstilling i barnehage- og skulebruksplanen skal elevar frå Austebygd skule samlokaliserast på Hordabø skule. Ref. Norconsult sine vurderingar er det behov for tiltak for å sikre tilstrekkelig tal klasserom inkl. garderobe. Midlar setjast av for klargjering på mottaksskule.
Ombygg av Radøy Interkommunale Busenter i Manger
Inntil vidare er Radøy Interkommunale Busenter i drift. Det føreligg langsiktige planar for utfasing av institusjonen, der brukarane skal overførast til omsorg pluss bustader. I påvente av vedtak i bustadplan og omstillingsarbeid innafor helse og omsorg er arbeidet med omsorg pluss bustader sett på vent. Det er eit stort behov for å gjere tiltak mellom anna på kjøkkenet, og det må prioriterast sidan bygget framleis vert nytta til formålet.
Vil du vite mer om disse prosjektene? Kontakt oss i dag!
Vi gir det et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og har den mest omfattende overvåkningen av prosjektmarkedet.