Byggfakta-logo med 'Powered by Hubexo'. Byggfakta skaper konkurransefordeler og verdi for alle aktører i bygg- og anleggsbransjen

Planlagte ROT-prosjekter, Rehabilitering, Ombyggning, Tilbygg av lokaler/kontor/skoler/sykehus/hotell etc i Høyanger

Oppgradering av stortrekket på Siplo, Høyanger
Prosjektet omfattar nødvendige tiltak for å få storetrekket på Siplo godkjent etter taubaneforskrifta. I taubaneforskrifta er det krav om “spesielle inspeksjoner” for relevante komponentar som utsettast for utmatting- og spenningsbelastning. Det er gjennomført inspeksjon og utarbeidd rapport som beskriv nødvendige tiltak med kostnadar av Skiheis Partner AS hausten 2024. Før prosjektet startar opp må det også gjennomførast tilsyn og vurderast om master, fundamenter og anna infrastruktur utgjer risiko, og om det evt. er behov for utføring av tiltak.
Fornying av tak på skole i Bjordal
Bjordal skule treng fornying av taket over sløydsal då det har takvindauge av eldre årgang som lek samt at takstein er av utgått type.
Oppgradering av brannvarslingsanlegg på barneskole i Høyanger
Brannvarslingsanlegget i Høyanger Ungdomsskule er utdatert og det er ikkje lenger mogeleg å skaffe detektorar eller kretskort til anlegget. Anlegget må difor oppgraderast for at ein skal kunne sikre drifta av bygget.
Ombygg av tak på barneskule i Kyrkjebø
Tak over myldrerommet Kyrkjebø Skule. Det har gjennom åra vore ein del lekkasjar i dette taket som skuldast skade på tak samt tette nedlaup omkring glastaket i myldrerommet. For å få taket tett, samt at det skal kunne utførast rens av nedlaup må det skiftast ut takstein og monterast stigtrinn på taket.
Utskifting av vinduer på barnehage i Høyanger
Vindauge i eldre del på Hjetland Barnehage er av ein kvalitet som isolerer dårleg samt at dei lek. Ein ynskjer å oppgradere til moderne standard for å få tette vindauge med langt betre isolasjonsevne. En tek sikte på å skifte deler av den eldre massen av vindauge i 2025.
Oppgradering av SD-anlegg i skole i Lavik
Lavik Skule har i dag eit SD-anlegg (Sentral Driftskontroll) som styrer ventilasjon og varme. For å sikre påliteleg styring av varme og ventilasjon i bygget må anlegget oppgraderast med nye komponentar. På sikt bør det vurderast installasjon av varmepumpe for oppvarming. I den samanheng er det nødvendig med eit fungerande SD-anlegg.

Vil du vite mer om disse prosjektene? Kontakt oss i dag!

Vi gir det et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og har den mest omfattende overvåkningen av prosjektmarkedet.