Planlagte ROT-prosjekter, Rehabilitering, Ombyggning, Tilbygg av lokaler/kontor/skoler/sykehus/hotell etc i Vestnes

Riving av gammelt institusjonsbygg
Strandbo står i dag til nedfalls. Bygget er ført opp på ei tid då det var vanleg å nytte bygningsmateriale med asbest. I tillegg til asbest, inneheld bygget også andre miljøgifter. For å unngå innanding av asbesthaldig støv, er det strenge reglar i arbeidsmiljølova om kven som har lov til å handtere asbesthaldig materiale. Eining for eigedomsdrift har sett opp sperregjerde rund bygget slik at uvedkommande ikkje skal ha lett tilgang. Det er ikkje mogleg å få ein fullstendig oversikt over omfang av miljøgifter i bygget. Dette vil først vise seg når ein startar sjølve rivinga. Kostnadsramma på 7,5 mill. kroner er berre eit anslag. Av erfaring veit ein at det er kostnadskrevjande å både rive og kvitte seg med miljøfarleg avfall.
Ombygg av tak på kulturhus i Vestnes
Fleire takstein har lausna og inngangspartiet oppe har store råteskader med vassinntrenging. Taket må reparerast ved at møne- og valmsteinar vert erstatta med galvanisert beslag, alternativt må heile taket byttas ut.
Riving av bygg mm i Vestnes
Bygget står inne på området til Mariebo og Oppigarden, og det har vore brukt til dagaktiviteter for demente som bur heime. Nå er tenestetilbodet flytta til Aktivitetssenteret. Bygget må fjernast da det vil bli kostbart å skulle vedlikehalde bygget. Slik det står i dag kan det utgjere ein risiko for bebuarane på Mariebo og Oppigarden. Etter riving må uteområdet stelles i stand, mellom anna er det tenkt å leggje asfalt. I høve med dette arbeidet skal det setjast inn to gangporter i gjerdet. I dag er det to køyreportar.
Ombygg av uteområde ved barnehage i Vestnes
Det har lenge vore behov for å oppgradere uteområdet. Leikeapparata er veldig slitt og har behov for utbytting og oppgradering. Tomrefjord barnehage er den einaste barnehagen som ikkje har asfaltert sykkelsti til barna innafor gjerdet.
Oppgradering av garderobe på skole i Vestnes
Ei fellesanskaffing av nye garderobar i 1. etasje på barneskulebygget. Dette vil vere ein oppgradering av eksisterande garderober som er over 30 år gamal, slitte, upraktiske og uhygieniske.

Gratistilbud
til bedrifter!

Vil du vite mer om disse prosjektene? Vi gir deg et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og den mest omfattende overvåkning av prosjektmarkedet.