Planlagte nybygg av industriprosjekter i Øygarden
Etablering av karbonfangstanlegg i Øygarden kommune
Planarbeidet skal legge til rette for areal til etablering av eit karbonfangstanlegg med teknologi som fangar CO2 direkte frå luft i ein industriell skala. CO2 som vert fanga i anlegget vil bli sendt til permanent lagring / deponering under sjøbotnen i Nordsjøen. Dette er kjent som DAC – Direct Air Capture.
DAC-anlegg, vil ha kapasitet til å fanga 500 tusen tonn CO2 årleg. Karbonet skal leverast til Northern Lights JV og transporterast i røyr og lagrast underhavbotnen.
Nybygg av næringspark i Tellnes
Planområdet ligg i Tellnes ca. 4,0 km sør for tettstaden Fjell, og har ei storleik på om lag 152,8 daa. Føremålet er å legge til rette for fleire næringsbygg med både forretning/kontor/industri og kombinerte byggje- og anleggsføremål. Det er også ønske om at eit mindre området innanfor planområdet kan brukast til detaljhandel.
Nybygg av landbasert anlegg for oppdrett av settefisk og matfisk på Selstøvågen i Øygarden
Gbnr 136/54 m.fl.
Hovudintensjonen og føremålet med planen er å regulere areal til næring i Selstøvågen i Telavåg. Dette for å kunne etablere landbasert oppdrettsanlegg med tilhøyrande infrastruktur og utbetre eksisterande tilkomstveg. Det er planlagt oppdrett av settefisk av laks og regnbogeaure.
Det er planlagt produksjonshallar for landbasert oppdrett, samt nokre frittståande mindre tekniske bygg som t.d. oksygentank på næringsområdet. Det er planlagt at fiskekara skal byggast inn i hallar og ikkje vera frittståande element.
Bygning 1. byggetrinn på om lag 1.100 m2 og bygning 2. byggetrinn på om lag 800 m2.
Utvidelse av landbasert fiskeoppdrettsanlegg i Blomvåg
Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for utviding av masseuttak på sør-vestleg
område og ei framtidig næringsetablering med landbasert akvakulturanlegg med tilhøyrande verksemder. Planområdet ligg 5,5 km nord for Rong sentrum i Øygarden.
Oksneset er i dag eit masseuttaksområde. Masseuttak er eit første steg i tilrettelegging for næringsetablering i regulert næringsområde. Gjeldande reguleringsplan i området vedteken i 2012 legg ikkje til rette for ønska utvikling då den har fleire planeringshøgder og ei anna vegløysing enn det som er ynskjeleg.
Området er tenkt utbygd i fleire byggetrinn
Vil du vite mer om disse prosjektene? Kontakt oss i dag!
Vi gir det et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og har den mest omfattende overvåkningen av prosjektmarkedet.