Alle planlagte industriprosjekter i Øygarden
Nybygg av næringspark i Tellnes
Planområdet ligg i Tellnes ca. 4,0 km sør for tettstaden Fjell, og har ei storleik på om lag 152,8 daa. Føremålet er å legge til rette for fleire næringsbygg med både forretning/kontor/industri og kombinerte byggje- og anleggsføremål. Det er også ønske om at eit mindre området innanfor planområdet kan brukast til detaljhandel.
Nybygg av landbasert anlegg for oppdrett av settefisk og matfisk på Selstøvågen i Øygarden
Gbnr 136/54 m.fl.
Hovudintensjonen og føremålet med planen er å regulere areal til næring i Selstøvågen i Telavåg. Dette for å kunne etablere landbasert oppdrettsanlegg med tilhøyrande infrastruktur og utbetre eksisterande tilkomstveg. Det er planlagt oppdrett av settefisk av laks og regnbogeaure.
Det er planlagt produksjonshallar for landbasert oppdrett, samt nokre frittståande mindre tekniske bygg som t.d. oksygentank på næringsområdet. Det er planlagt at fiskekara skal byggast inn i hallar og ikkje vera frittståande element.
Bygning 1. byggetrinn på om lag 1.100 m2 og bygning 2. byggetrinn på om lag 800 m2.
Etablering av karbonfangstanlegg i Øygarden kommune
Planarbeidet skal legge til rette for areal til etablering av eit karbonfangstanlegg med teknologi som fangar CO2 direkte frå luft i ein industriell skala. CO2 som vert fanga i anlegget vil bli sendt til permanent lagring / deponering under sjøbotnen i Nordsjøen. Dette er kjent som DAC – Direct Air Capture.
Utvidelse av næringsvirksomhet, vegtilkomst mm i Porsvika, Glesnes
Sotra Fiskeindustri har behov for større areal til produksjon og lager, i tillegg til betre arealdisponering for tilkomst og trafikkareal for lasting/lossing ved anlegget sitt i Porsvika.
Flytting av tilkomst og utviding av næringsareal er viktig for å sikre naudsynt areal for dagens drift, sikre betre logistikk med tryggare trafikkmønster i industriområdet, i tillegg til naudsynt areal for vidare utvikling. Planarbeidet vil såleis kunne legge til rette for framtidig nytt areal for blant anna utbygging av ny filethall, nytt kjøleområde og fryseri. Utfylling i sjø.
Utvidelse av landbasert fiskeoppdrettsanlegg i Blomvåg
Formålet med planarbeidet til tiltakshavar Blom Settefisk AS er å leggja til rette for landbasert akvakultur som på sikt kan handtera heile produksjonskjeda frå smolt til matfisk. Tiltakshavar ønskjer å søkja om konsesjon på 30 tusen tonn fisk. Anlegget kan gje opp mot 40 arbeidsplassar fullt utbygd.
Vil du vite mer om disse prosjektene? Kontakt oss i dag!
Vi gir det et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og har den mest omfattende overvåkningen av prosjektmarkedet.