Alle planlagte industriprosjekter i Kvinnherad
Nybygg av næringsområde i Uskedalen, Kvinnherad
Gnr/bnr 137/34 mfl. Hovudmålet med planen er å legge til rette for eksisterande og framtidig næringsetablering på Børnes, samt vera i forkant med planlegginga slik at kommunen kan tilby eit godt og byggeklart næringsområde for ny aktivitet i kommunen. Sjøtilknytt næringsareal som er ledige for nye verksemder er avgrensa i kommunen, og Børnes er ein av dei få som har potensiale for utvikling og tilrettelegging for dette. Tilkomst til sjø er særleg viktige element for marine/maritime næringsverksemder verksemder, og kaiareal vore viktig å sikre i planen. Den nye og oppdaterte reguleringsplanen legg til rette for utvikling som vil gi ringverknadar lokalt, men også potensielt regionalt. Planframlegget vil gjera Børnes til eit attraktivt næringsområde for ulike aktørar; «Børnes – eit hav av moglegheiter!»
Planområdet er om lag 229 dekar, og følgjande eigedomar ligg innanfor planområdet: 134/1, 2, 4, 5, 8, 11, 13, 14, 15, 16, 19, 20, 21, 22, 23, 26, 27, 28, 30, 34,40, 41, 44, 46, 48, 49, 53, 63, 64, 66, 67, 69, 73, 74, 77, 79, 80, 81, 85, 86, 87, 88, 91, 92, 93, 94, 97, 98, 99, 100, 101, 102, 103 og 104.
Vil du vite mer om disse prosjektene? Kontakt oss i dag!
Vi gir det et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og har den mest omfattende overvåkningen av prosjektmarkedet.