Alle planlagte industriprosjekter i Kvinnherad
Nybygg av næringsområde i Uskedalen, Kvinnherad
Gnr/bnr 137/34 mfl. Hovudmålet med planen er å legge til rette for eksisterande og framtidig næringsetablering på Børnes, samt vera i forkant med planlegginga slik at kommunen kan tilby eit godt og byggeklart næringsområde for ny aktivitet i kommunen. Sjøtilknytt næringsareal som er ledige for nye verksemder er avgrensa i kommunen, og Børnes er ein av dei få som har potensiale for utvikling og tilrettelegging for dette. Tilkomst til sjø er særleg viktige element for marine/maritime næringsverksemder verksemder, og kaiareal vore viktig å sikre i planen. Den nye og oppdaterte reguleringsplanen legg til rette for utvikling som vil gi ringverknadar lokalt, men også potensielt regionalt. Planframlegget vil gjera Børnes til eit attraktivt næringsområde for ulike aktørar; «Børnes – eit hav av moglegheiter!»
Planområdet er om lag 229 dekar, og følgjande eigedomar ligg innanfor planområdet: 134/1, 2, 4, 5, 8, 11, 13, 14, 15, 16, 19, 20, 21, 22, 23, 26, 27, 28, 30, 34,40, 41, 44, 46, 48, 49, 53, 63, 64, 66, 67, 69, 73, 74, 77, 79, 80, 81, 85, 86, 87, 88, 91, 92, 93, 94, 97, 98, 99, 100, 101, 102, 103 og 104.
Nybygg av næringsformål knytt til landbasert akvakultur i Kvinnherad
Hovudføremålet med planen er næringsføremål knytt til eksisterande settefiskanlegg på gnr. 59 bnr. 35 og 36, og 59/10 for kaifasilitet for transport av fisk frå anlegget. I planframlegget ønskjer ein å kunne regulere for bygdalaget sitt bruk av skulen til m.a. forsamlingslokale med uteområde for leik, opphald og parkering, samt moglegheit for at Eide Smolt leiger deler av bygget til kontor, lager og vaktbustad. Ein ser det slik at oppgradering av settefiskanlegget og vidare utvikling av den gamle skulen i Sundal vil kunne ha positive synergieffektar for kvarandre og for bygda.Planområde utgjer om lag 23 daa. Planen regulerer heile eller deler av eigedomane gnr. 59/35 og 36, 59/1, 59/10, samt 59/2, 59/3, 59/37, 59/38, 59/1-2,4, 59/40, 59/16, 59/13, 59/19, 59/21,28.
Gratistilbud
til bedrifter!
Vil du vite mer om disse prosjektene? Vi gir deg et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og den mest omfattende overvåkning av prosjektmarkedet.