Planlagte ROT-prosjekter, Rehabilitering, Ombyggning, Tilbygg på anlegg i Stord
Om- og nybygg av hovedannledning på Stord
Per i dag er det ein utrangert røyrbrotsventil på hovudvassleidninga mellom Vaulane dam og Lundsseter kraftstasjon. Ved brot på hovudvassleidninga på dette strekket, har ein i dag ikkje høve til å stengja av leidninga. Ny røyrbrotsventil skal monterast i ny kumme nedanfor Vaulane dam. Prosjektet legg også ned ny hovudvassleidning frå Vaulane til kraftstasjonen.
Rehabilitering av ledningsnett på Stord
Rehabilitering av eksisterande ledningsnett i Sætravikjo . Borehol for spillvatn frå Neshadlene avløpspumpestasjon til ny Sætravikjo avløpspumpestasjon. Avløpsvatn frå Sætravikjo pumpast via sjøleidning til ny Grunnavågen avløpsreinseanlegg.
Rehabilitering av spillvannsledning og utskifting vannledning på Stord
Rehabilitering av spillvassleidning og utskifting av vassleidning i Rindane, Sagvåg. Svært dårleg kvalitet på avløpsnettet, både motfall og brot i røyrane. Prosjektet har samanheng med Nysætervegen VA-prosjektet. Ein vurderer også eventuelle løysingar kring trafikksikring i Utslettevegen.
Utskifting av VA-anlegg på Stord
Utskifting av VA-anlegg frå Luren via Stølen mot Håklubben på Bjelland. Etablering av ny avløpspumpestasjon ved Håklubben. Prosjektet har samanheng med Båtstøo VA-prosjektet.
Rehabilitering av VA på Stord
Rehabilitering av store deler av Holevegen-området. Vil medføra at overvatn vert separert vekk frå spillvatnet. Overvassnettet i området vert oppdimensjonert.
Ny og ombygg av fortau i Stord
Det er i dag manglande eller dårleg fortausløysing langs heile Utslettevegen. For å få på plass nytt og betre fortau, lyt trasè regulerast. Reguleringsarbeidet starta i 2024. Tiltaket ligg inne i ny revidert trafikksikringsplan.
Rehabilitering av VA-ledningar i Stord
Rehabilitering av hovudvassleidning, spillvatn og overvatn frå kryss ved Kårevikvegen til om lag Horneland bedehus i planlagt ny fortaustrasé. Prosjektet gjennomførast i samband med nytt fortau i Hornelandsvegen. Fortau er under regulering.
Ombygg av bru i Stord
Eksisterande bru (rett nedanfor “Fjellstova”) er smal, har redusert bereevne samt at det er for liten opning til elva under brua. Tiltaket krev justering av veglina både vertikalt og horisontalt.
Nye UV-aggregat i vannverk på Stord
Vassverket har tre UV - aggregat som er med å sikra at innbyggarane i Stord kommune får godt drikkevatn. Aggregata er no 20 år gamle, og det er store driftskostnadar med å halde dei i gang. Derfor er det lagt inn i budsjettet for 2024 tre nye aggregat.
Rehabilitering og utskifting av VA-ledningsnett på Stord
Rehabilitering og utskifting av VA-leidningsnett i Sponavikvegen, Sponavikdalen, Sponavikdalen sør (Gullskarvegen*), Sanddalen (gangsti), Skotabergvegen og i Skotlio. Ny avløpspumpestasjon i Eriksvikjo, som skal pumpa til Djupavik RA. Det vert også utført trafikksikringstiltak i området.
Rehabilitering av ledningsnett, ny hoved- og spillvannsledning på Stord
Dette er eit samarbeidsprosjekt med privat utbyggjar av næringsområdet sør på Vabakkjen, og finansiert ved reduksjon av samarbeidspotten. Rehabilitering av eksisterande leidningsnett, samt ny hovudvassleidning og spillvassleidning mot Høyland. Dette løyser ut at abonnentar med private avløpsanlegg langs Høylandsvegen får krav om tilkopling til offentleg avløp.
Rehabilitering av vannledning på Stord
Rehabilitering av eksisterande vassleidning for å betra kapasiteten og redusera lekkasjar. Frå Lundsåsen trykkutjamningsbasseng og ned til koplingspunkt ved E39 på Lunde.
Gratistilbud
til bedrifter!
Vil du vite mer om disse prosjektene? Vi gir deg et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og den mest omfattende overvåkning av prosjektmarkedet.