Byggfakta-logo med 'Powered by Hubexo'. Byggfakta skaper konkurransefordeler og verdi for alle aktører i bygg- og anleggsbransjen

Planlagt nybygg av anlegg i Alver

Ny vannledning fra eksisterande anlegg i Alver kommmune og Radøy kommune
Ny vassleidning frå eksisterande anlegg i Alver til Radøy. Radøy har i dag einsidig vassforsyning. Det inneber at området er svært sårbart for bortfall i vassforsyninga. Eksisterane vassverk har i tillegg ein for liten produksjonskapasitet. Det er difor både trong og forskriftskrav om betring av forsyningstryggleiken i forsyningsområdet. Framdrifta er skyve i høve til vedteken temaplan for vatn og avløp.
Etablering av høgdebasseng og ledningsanlegg i Frekhaug
Etablering av nytt høgdebasseng på øvre Sagstad. Bassenget vil betre trykkforholda i høgtliggande område ved stort uttak i Frekhaug og auke kapasitet og leveringssikkerheit. Ledingsanlegg frå Sagstad og Dalesvingane.
Nybygg av vannledning Kløve - Veland
Vannleidning frå Kløve ut til Veland i sjø for kommunal vassforsyning til området.
Nybygg av avløpsledning og pumpestasjon i Alverstraumen
Prosjektet gjeld samling av avløpet frå Hilland, Ikenberg og Isdalstø til Knarvik reinseanlegg. Hilland, Ikenberg og Isdalstø er ein del av tettstaden Knarvik som kjem innunder kapittel 14 i forureiningsforskrifta, og det er dermed krav om sekundærreinsing. Avløpet frå området må derfor overførast sørover mot Knarvik.
Etablering av høydebasseng i Alverstraumen
Etablering av Alverstraumen høgdebasseng. Dette skal sikre vassforsyninga til Øvre Hilland og komande utbyggingsområde i tillegg til sikring av vassforsyninga mot Radøy.
Etablering og sanering av Va-anlegg ved nye Alversund bru i Alver kommune
Sanere VA-anlegg som kjem i konflikt med det nye veganlegget ved nye Alversund bru. Legge nytt VA-anlegg for å sanere vekk hovudvassleidning som går under Alversund skule. Tilretteleggje for ny bruk av eigedom. Fylkeskommunen skal bygge ny Alversund bru og det må gjerast tiltak på VA-anlegget samtidig. Tradisjonelt VA-anlegg.
Nybygg av pumpestasjon i Isdalstø
Prosjekt som heng saman med hovudreinseanlegg for Alversund- Knarvik. Pumpestasjon skal føre avlaup frå Isdal mot Knarvik.
Nybygg av vannledning i Frekhaug
Prosjektet heng saman med og er ei fortsetting av VA-anlegg Myrvollane – Moldekleiv - Fosse, og del av nytt leidningsnett for å sikre vassforsyninga sentralt på Frekhaug.

Vil du vite mer om disse prosjektene? Kontakt oss i dag!

Vi gir det et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og har den mest omfattende overvåkningen av prosjektmarkedet.