Planlagt nybygg av anlegg i Fjord

Nybygg av minikraftverk i Fjord kommune
Vassdragsområde 100.2B2Z. Søkt produksjon 6,80 GWh. Tafjord Kraftproduksjon AS søker om løyve til å bygge Stavåna minikraftverk i Stavåna. Inntaket, av typen coanda, er planlagt på kote 410. Der i frå vil vassvegen gå i ei 1700 m lang nedgraven røyrgate fram til kraftstasjonen på kote 150. Middelvassføringa i elva er 1290 l/s. Det er planlagt ei maksimal slukeevne i kraftverket på 500 l/s. Saman med ein installert effekt på 0,99 MW vil dette ifølgje søknaden gje ein årleg middelproduksjon på 6,8 GWh. Det er planlagt å sleppe ei minstevassføring på 170 l/s om sommaren og 49 l/s om vinteren. Det er behov for å bygge om lag 120 m ny veg som tilkomst til kraftstasjonen. Det er i utgangspunktet ikkje planlagt å ha permanent veg til inntaket. Stavåna er del av Stordalsvassdraget som er verna gjennom Verneplan III for vassdrag.

Gratistilbud
til bedrifter!

Vil du vite mer om disse prosjektene? Vi gir deg et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og den mest omfattende overvåkning av prosjektmarkedet.