Alle planlagte byggeprosjekter i Sveio
Etablering av næringsområde for mellom anna landbasert akvakultur i Sveio
Planområdet ligg på Tjernagel, nord for Buavåg og sør for Auklandshamn, i Sveio kommune- Detaljreguleringa sitt hovudføremål er å legge til rette for næringsareal for mellom anna landbasert akvakultur for «nye artar» på gnr. 50/26. Det kan vera aktuelt å etablera akvakultur for fleire artar eller artsgrupper på området. Produksjonen vil ha behov for friskt sjøvatn som skal pumpast opp via ein pumpestasjon, og det vil vera behov for ei avløpsløysing. Det er også ønskjeleg å etablere solcelleanlegg og/eller annan fornybar energi i tilknyting til anlegget, for å vera mest mogleg sjølvforsynt med energi. Det er ønskjeleg å leggja til rette for kaianlegg og hamneområde i tilknyting til næringsområdet.
Nybygg av gang- og sykkelvei eller fortau langs Auklandshamn skule og Lio
Føremålet med planarbeidet er å sikra trygg skuleveg for elevar på Auklandshamn skule, som bur langs strekninga fram til Lio. Det skal difor leggjast til rette for gang- og sykkelveg eller fortau langs eksisterande fylkesveg. I arbeidet med reguleringsplanen vil ein vurdera kva profil ny gang- og sykkelveg/fortau skal ha, og kva side av fylkesvegen det skal liggja på. Planavgrensinga som no vert varsla er dermed vesentleg større enn det ferdige planområdet vert, for å sikra at ein har nok areal til å ta ei avgjersle om profil og val av side.
Gnr/bnr: 36/242 mfl.
Vil du vite mer om disse prosjektene? Kontakt oss i dag!
Vi gir det et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og har den mest omfattende overvåkningen av prosjektmarkedet.