Alle planlagte byggeprosjekter i Samnanger
Nybygg av brannstasjon i Samnanger
Gnr/bnr 24/15, 24/182 m.fl.
Det er regulert for ein stasjon på om lag 650m2. Planløysing er ikkje valt, men stasjonen skal vere dimensjonert for garderobeplass til 20 menn og 3 kvinner. Stasjonen skal elles følgje utforming og dimensjonar i tråd med krav frå arbeidstilsynet og i tillegg til garderobeplassar ha garasje for køyretøy, vaskehall, kontor, pauserom og lager.
Det skal etablerast parkeringsplassar for mannskap på bakkeplan på utsida av stasjonen.
Utvidelse, ombygg og påbygg av Helsetunet i Samnanger
På helsetunet er det trong for å gjera nokre byggmessige tilpassingar som gjer bygget meir funksjonelt. Det er mellom anna trong for tiltak som går på å skjerma nokre kontor, lage garderobe, flytte nokre rom og få fleire kontor.
Oppussing av leiligheter på Skjervo
På Skjervo er det kommunale leiligheter som Pleie og omsorg tildeler. Nokre av desse er i dårleg forfatning, og har dårleg standard. På Hamnehaugen er det og trong for modernisering. Det er viktig at kommunen får ein betre standard på desse leilegheitene, og det må gjerast noko i kommande planperiode. Det er i tråd med behov som ligg i Helse og omsorgs- planen.
Det er sett av 1,5 mill. kr i 2028 og 2029 til tiltaket.
Etablering av bubilparkering i Samnanger
Kommunen må få ein avklaring på bubilparkering i kommunen som er varig og tilfredsstillande. Prosjektet skal komme med framlegg til tømmetankar og oppstillingsplassar med eventuell tilgang til straum og vatn.
Oppgradering av Eviny-bygget på Frøland
Samnanger kommune kjøpte bygget på Frøland frå Eviny i 2023. Bygget er bygd i 1992 og det trengs nokre oppgraderinga utover dei som allereie er gjort. Det er ikkje økononomi til ein fullstendig rehabilitering av bygget, men det vert førebels sett av nokre midlar til heilt naudsynte tiltak i 2026. Det vil dei næraste året også måtte koma vurderingar på om ein skal behalde bygget. Rådmann tilrår at ein berre legg inn midlar til avbøtande tiltak ved bygget i denne omgang.
Det er sett av 1,0 mill. i 2026 til tiltak.
Vil du vite mer om disse prosjektene? Kontakt oss i dag!
Vi gir det et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og har den mest omfattende overvåkningen av prosjektmarkedet.