Byggfakta-logo med 'Powered by Hubexo'. Byggfakta skaper konkurransefordeler og verdi for alle aktører i bygg- og anleggsbransjen

Alle planlagte byggeprosjekter i Vestnes

Riving av gammelt institusjonsbygg
Strandbo står i dag til nedfalls. Bygget er ført opp på ei tid då det var vanleg å nytte bygningsmateriale med asbest. I tillegg til asbest, inneheld bygget også andre miljøgifter. For å unngå innanding av asbesthaldig støv, er det strenge reglar i arbeidsmiljølova om kven som har lov til å handtere asbesthaldig materiale. Eining for eigedomsdrift har sett opp sperregjerde rund bygget slik at uvedkommande ikkje skal ha lett tilgang. Det er ikkje mogleg å få ein fullstendig oversikt over omfang av miljøgifter i bygget. Dette vil først vise seg når ein startar sjølve rivinga. Kostnadsramma på 7,5 mill. kroner er berre eit anslag. Av erfaring veit ein at det er kostnadskrevjande å både rive og kvitte seg med miljøfarleg avfall.
Ombygg av tak på kulturhus i Vestnes
Fleire takstein har lausna og inngangspartiet oppe har store råteskader med vassinntrenging. Taket må reparerast ved at møne- og valmsteinar vert erstatta med galvanisert beslag, alternativt må heile taket byttas ut.
Ny solavskjerming og ombygg av fasade på skole i Vestnes
Yttervegg, vinduer og solskjerming på kontor-/personaldel ved Tomrefjord skule er totalt utslitt og må oppgraderast. Tiltaket har blitt meldt inn tidlegare år, men har blitt satt på vent grunna «skolesaka». Det blei i 2022 bevilga midlar til solskjerming, men sidan solskjerming ikkje kan settast opp utan å måtte gjere noko med yttervegg og vindauge først blei midlane omdisponert. Manglande solskjerming og vinduer som ikkje er trygge å opne, gjer at det blir det særs varmt i romma når det er godvêr. Tiltaket vil betre inneklima og arbeidsforhold, samt gje ein viss nedgang i energibruk til oppvarming.
Nybygg av vegbru på Talberg i Vestnes
Vegbrua på Talberg er ei gamal bru, som er oppbygd av stålbjelkar og tredekke som har noko usikker kvalitet. I 2021 blei det utført spesialkontroll og klassifisering. Konklusjonen blei at den fortsett toler Bk10/60 t, men at det bør gjerast noko med korrosjonen på stålkonstruksjonen. Aktuelle tiltak på kort sikt er å sprøyte synlege stålkonstruksjonar med rusthemmande olje. Men fortsett korrodering vil medføre redusert bereevne, så det bør leggast til rette for utskifting innafor økonomiplanperioden. Teknisk kan det vere aktuelt å erstatte brua med rør/kulvert (diameter 2,8 meter), i staden for å bygge opp ei ny tradisjonell bru. Tiltaket er lagt inn i 2026 og har ei estimert kostnadsramme på 2 mill. kroner.
Etablering av minnelund i Vestnes
Vestnes kyrkjeleg fellesråd har kome med søknad om ønska investeringsmidlar for å kunne etablere ei namna minnelund for urnegraver på Vestnes kyrkjegard.
Riving av bygg mm i Vestnes
Bygget står inne på området til Mariebo og Oppigarden, og det har vore brukt til dagaktiviteter for demente som bur heime. Nå er tenestetilbodet flytta til Aktivitetssenteret. Bygget må fjernast da det vil bli kostbart å skulle vedlikehalde bygget. Slik det står i dag kan det utgjere ein risiko for bebuarane på Mariebo og Oppigarden. Etter riving må uteområdet stelles i stand, mellom anna er det tenkt å leggje asfalt. I høve med dette arbeidet skal det setjast inn to gangporter i gjerdet. I dag er det to køyreportar.
Ombygg av uteområde ved barnehage i Vestnes
Det har lenge vore behov for å oppgradere uteområdet. Leikeapparata er veldig slitt og har behov for utbytting og oppgradering. Tomrefjord barnehage er den einaste barnehagen som ikkje har asfaltert sykkelsti til barna innafor gjerdet.
Ny solavskjerming på skole i Vestnes
Den gamle solskjerminga lar seg ikkje lengre reparere ved Helland barneskule. I 1. etasje er den fjerna grunna skader, mens den i 2. etasje er nede heile tida og vanskeleggjer både tilgang på utsyn og dagslysinnslipp. Tiltaket har vært meldt inn over fleire år. På grunn av «skolesaka» har dette blitt satt på vent. Tiltaket vil betre både lys- og generelle arbeidsforhold for lærarar og elevar
Fjerning av oljekjel og oljetank ved skole i Vestnes
Det er ikkje lengre lov å fyre med fossilt brensel. Ved skulebygget i Tresfjord er det ein oljetank som er nedgravd. Etter forureiningslova må kommunen som eigar hindre forureining frå tanken. Tanken må tømmast og reingjerast. Etter dette er gjort er det ønskjeleg å fjerne tanken, og stelle til området (planere og asfaltere). Tanken ligg i på nordsida av skulebygget, og tiltaket vil føre til betre utnytting av arealet. Vi bør også fjerne oljekjelen som står i skulebygget. Kostnadsanslaget er usikkert. Det er føreslått ei ramme på 0,75 mill. kroner, og tiltaket er satt inn i 2026.
Oppgradering av garderobe på skole i Vestnes
Ei fellesanskaffing av nye garderobar i 1. etasje på barneskulebygget. Dette vil vere ein oppgradering av eksisterande garderober som er over 30 år gamal, slitte, upraktiske og uhygieniske.

Vil du vite mer om disse prosjektene? Kontakt oss i dag!

Vi gir det et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og har den mest omfattende overvåkningen av prosjektmarkedet.