Aktuelle ROT-prosjekter, Rehabilitering, Ombyggning, Tilbygg i Telemark fylke
Opparbeidelse av infrastruktur for nybygg av fritidsboliger i Holtardalen, Vinje kommune
Planforslaget skal leggje til rette for frittliggande fritidsbustader med grunnflate rundt 40 kvadratmeter og to etasjar. Uteplass, terrasser og større vindusflater blir orientert mot sørvest for å gi kvar eining best utsikt og solforhold. Ut i frå planlagt storleik på bustadene
kan det ligge eit potensial for opptil 90 bueiningar innanfor planområdet
Ombygg av kommunehus og helsehus i Hjartdal kommune
Dette prosjektet omfattar ombygging og tilpassing av den tidlegare Skue Sparebank-bygningen til eit moderne og funksjonelt helsehus for Hjartdal kommune. Målet er å etablere eit inkluderande og framtidsretta bygg som skal huse viktige helsetenester for innbyggjarane i området.Bygget skal romme:LegekontorPsykisk helsevernHelsestasjonFysioterapitenesterAmbulanse mottakFor å sikre god tilgjenge for alle brukarar, skal bygget utformast etter prinsippa for universell utforming, så langt det er praktisk mogleg. Dette inneber mellom anna etablering av eit nytt, universelt utforma inngangsparti og installasjon av heis frå underetasjen til 2. etasje. Heile bygget skal tilpassast slik at det er trygt, tilgjengeleg og funksjonelt for både pasientar, tilsette og besøkande – uavhengig av funksjonsevne.Prosjektet vil bli gjennomført med høg fokus på sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA), og det vil bli lagt til rette for god samhandling mellom alle involverte aktørar gjennom heile byggeprosessen.Prosjektomtale – Hjartdal KommunehusProsjektet omfattar ombygging og oppgradering av Hjartdal Kommunehus for å sikre betre tilgjenge, funksjonalitet og tryggleik for både tilsette og publikum. Arbeidet skal gjennomførast med fokus på universell utforming og moderne løysingar for drift og sikkerheit.Tiltaka i prosjektet inkluderer:Etablering av nytt, universelt utforma inngangspartiMontering av heis frå underetasjen til 2. etasjeOmbygging og tilpassing av servicekontoretInstallering av automatiske døråpnarar på utvalde dørerInnføring av nytt låssystem basert på kort eller brikkeMålet er å skape eit meir tilgjengeleg og brukarvennleg kommunehus som møter dagens krav til offentlege bygg. Universell utforming skal liggje til grunn for alle løysingar, slik at bygget vert tilgjengeleg for alle – uavhengig av funksjonsevne, så langt det er praktisk mogleg.
Ombygg av renseanlegg i Rauland
Rauland renseanlegg er bygd med to separate liner der berre den eine er i bruk fram til no. Det er trong for å auke kapasiteten på anlegget med ny line samt ombygging av forbehandlinga i anlegget. Dagens forbehandling er svært arbeidskrevjande i tider med høg belastning på anlegget i tillegg til at arbeidsmiljøutfordringane er svært krevjande i dette miljøet. Tiltaket vil betre arbeidstillhøva monaleg samt at kapasiteten på anlegget vert nytta til fulle.
Vil du vite mer om disse prosjektene? Kontakt oss i dag!
Vi gir det et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og har den mest omfattende overvåkningen av prosjektmarkedet.