Alle aktuelle byggeprosjekter i Vestnes
Nybygg av reservekraft for beboere og institusjoner i Vestnes
På Myraområde er det eit gammalt nødaggregat som må skiftast ut. Det visast til overordna ROS-analyse i 2022, behandla i kommunestyret 23.03.2023 (KST-16/23). Kommunedirektøren føreslår å leige inn kompetanse i 2024 for å vurdere fleire mindre reservekraftanlegg knytt til bygg der det bur sårbare grupper, eventuelt eit felles anlegg for området. I dette arbeidet må det utarbeidast eit grunnlag for ei seinare anskaffing og gjennomføring. I økonomiplanperioden er det difor lagt opp til kartlegging i 2024, og deretter ei gradvis utskifting i åra etter. Det blir føreslått ei total kostnadsramme på 4,8 mill. kroner i økonomiplanperioden.
Ny solavskjerming på skole i Vestnes
Den gamle solskjerminga lar seg ikkje lengre reparere ved Helland barneskule. I 1. etasje er den fjerna grunna skader, mens den i 2. etasje er nede heile tida og vanskeleggjer både tilgang på utsyn og dagslysinnslipp. Tiltaket har vært meldt inn over fleire år. På grunn av «skolesaka» har dette blitt satt på vent. Tiltaket vil betre både lys- og generelle arbeidsforhold for lærarar og elevar
Rassikring ved Tomrefjord i Vestnes
I 2003 vart det gjennomført ei kartlegging av rasfaren i Tomrefjord. I rapporten blei forslag til sikringstiltak beskrive. På bakgrunn av rapporten vart det byggjestopp i det kartlagde området i Tomrefjord. Forslag til sikringstiltak er ikkje gjennomført. I dei 20 åra som er gått har vi fått auka nedbør grunna klimaendringar. Rasfaren kan difor ha auka.
Vestnes kommune har vore i dialog med NVE som foreslår at området blir kartlagd på nytt. Vestnes kommune kan søke om midlar, men det vil ta tid før tiltak kan gjennomførast. NVE foreslår at kommunen sjølv (i samarbeid med andre partar) startar opp kartlegging. Utan kartlegging av området og gjennomføring av tiltak kan ikkje området utviklast. Tiltaket er eit beredskapstiltak for å sikre innbyggjarane, samt eit tiltak for å oppretthalde busetting og styrke ei viktig næring i Vestnes. Kommunedirektøren føreslår at det vert gjennomført ei kartlegging i 2024, med ei kostnadsramme på 0,7 mill. kroner. Deler av denne vil bli finansiert av NVE. Fylkeskommunen som vegeigar vil kanskje også ta noko av kostnaden. Ut frå ny rapport vil det bli føreslått tiltak, som da må innarbeidast i neste økonomiplanperiode.
Vil du vite mer om disse prosjektene? Kontakt oss i dag!
Vi gir det et innblikk i hvilke muligheter som finnes i landets største prosjektdatabase og har den mest omfattende overvåkningen av prosjektmarkedet.